Public Employment Service

Public Employment Service

NAV

NAV forvaltar ein tredjedel av statsbudsjettet gjennom ordningar som dagpengar, arbeidsavklaringspengar, sjukepengar, pensjon, barnetrygd og kontantstøtte, og alle innbyggarane er brukarar.

NAV blei etablert 1. juli 2006. Kommunane og staten samarbeider om den største velferdsreforma i nyare tid. Alle kontora er no etablert, rundt 450 NAV-kontor i kommunar og bydelar. Sjå også etableringskart under relatert informasjon.

På NAV-kontora arbeider statleg og kommunalt tilsette saman om å finne gode løysingar for brukarane. Kommunen og NAV har avtalt kva kommunale tenester kontoret skal tilby. Tenesteinnhaldet i eit NAV-kontor vil derfor variere frå kommune til kommune.

Organisasjonen

NAV eller Arbeids- og velferdsforvaltninga, har om lag 18 000 medarbeidarar. Av desse er om lag 13 000 tilsette i staten, Arbeids- og velferdsetaten, og om lag 5 000 er tilsette i kommunane.

I tillegg til NAV-kontora er det over hundre spesialeiningar. Spesialeiningane løyser sentraliserte oppgåver som det ikkje er tenleg å utføre i førstelina på det enkelte NAV-kontoret. Les meir om organisering under relatert informasjon.

Hovudmåla til NAV er

  • fleire i arbeid og aktivitet, færre på stønad
  • ein velfungerande arbeidsmarknad
  • rett teneste og stønad til rett tid
  • god service tilpasset brukaren sine føresetnader og behov
  • ein heilskapleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning

Kva tyder NAV?

NAV er namnet på Arbeids- og velferdsforvaltninga. NAV var opphavleg forkorting for Ny Arbeids- og Velferdsforvaltning. NAV er no eit eigenamn og ei merkevare, og vi skriv det med store bokstavar.

Darbo paieška: 

 

Naudojantis šia paieška galima rasti visus Lietuvos ir užsienio lietuviams skirtus darbo pasiūlymus vienoje vietoje (pvz.: įrašykite į paieškos langelį darbas Lietuvojedarbas Anglijoje arba darbas Norvegijoje ir spauskite mygtuką ieškoti...). Sistema tinkintos Google paieškos pagalba suras Jums tinkamą koncentruotą informaciją apie Jūsų ieškomus darbus.  

Svetainėje naudojami slapukai, kurie padeda užtikrinti jums teikiamų paslaugų kokybę. Tęsdami naršymą, jūs sutinkate su slapukų politika.